Fysio / AKTUELT / Nyheter / "God morgen Norge": veske eller sekk?

"God morgen Norge": veske eller sekk?

(oppdatert 2. september 2011) Fredag 2. september hadde TV2 invitert forbundsleiar Eilin Ekeland til studio i morgonsendinga "God morgen Norge". Temaet var den nye moten med skuldervesker framfor ryggsekker til skulebruk. Spørsmålet var om dette kunne ha helsekonsekvensar av noko slag. Tre ungdomsskuleelevar hadde teke med seg dei velfylte veskene sine til studiosamtalen med programleiarane og NFFs forbundsleiar.

Eit viktig poeng for Ekeland var at ryggsekk er betre enn bag for ein kropp i vekst. Det er eit generelt råd, men gjeld i særleg grad for ungdommar som har lett for å få plager med nakke, skulder eller rygg.

For dei elevane som absolutt vil bruka ei veske, er det viktig å variera beremåten. Slik kan dei minska risikoen for kroppslige plager på grunn av skeivbelastning. Likevel er det liten grunn til altfor mykje bekymring kring dette fenomenet, meinte Ekeland. Ungdom som er fysisk aktive og i vanleg god form, vil neppe få varige plager på grunn av den nye skulemoten.

Kontaktperson: