Fysio / AKTUELT / Nyheter / Meklinga held fram på overtid

Meklinga held fram på overtid

(oppdatert 27. mai kl. 0818) Meklinga på dei fire tariffområda i offentleg sektor held fram på overtid. Dette betyr etter vanleg praksis at ein eventuell streik ikkje vil bli iverksett i dag. Alle møter difor på jobb som vanleg 27. mai. Kring 10 000 Unio-medlemmer kan bli tekne ut i streik dersom meklinga ikkje fører fram. På www.unio.no finn du dei siste nyheitene om meklinga og konfliktberedskapen. Den viktigaste informasjonen om og frå meklinga vil òg bli publisert på NFFs nettsider.