Takstar og eigendelar frå 1. juli 2010
Takstplakatane som er baserte på fysioterapiforskrifta som gjeld frå 1. juli 2010, er no publiserte i mappa "Takstoppgjør 2010" under menypunktet "Om takster og takstbruk". I mappa finn du òg ein omtale (følgjebrev) frå NFFs nestleiar Elin Engeseth og utfyllande informasjon frå Team privat praksis i NFFs sekretariat. Alt materialet blir dessutan, saman med forskrifta, distribuert per post til målgruppa, og bør vera mottakarane i hende seinast i byrjinga av veke 26. Vi gjer elles merksam på at det er ein redigeringsfeil i den eine av tekstane som kjem per post. Rett beløp for eit fullt driftstilskot frå 1. juli 2010 skal vera kr 353 800. Feilen er retta i skrivet som ligg på nettsidene.